Opptak og seremonier
Opptak med speidarløftet
Opptaket er ei hyggeleg og høgtideleg stund der tradisjonen seier at speidaren seier speidarløftet:
Eg lovar å vere
open for Gud,
hjelpe andre
og leve etter speidarlova.
Speidaren held handa på flagget medan løftet vert avlagt. Deretter får speidaren skjerfet sitt. Heile speidargruppa er samla og tek del i opptaket, som vanlegvis vert gjennomført ved slutten av kvart semester – det vil seie i slutten av november om hausten og juni om våren.
Ved opptak i ein ny tropp (aldersgruppe) vert speidarløftet fornya.
Speidarlov
1. Ein speidar er open for Gud.
2. Ein speidar er ein god ven.
3. Ein speidar kjenner og tek vare på naturen.
4. Ein speidar er til å stole på.
5. Ein speidar er nøysam.
6. Ein speidar arbeider for fred.
7. Ein speidar tek ansvar og viser veg.
Speidarbøn
Kvart speidarmøte vert avslutta med å syngje speidarbøna:
Kjære Far i høge himmel,
høyr mi stille hjartebøn:
Kvar eg enn i verda vankar,
lat meg bli som Sonen din.
Lat meg leva deg til æra,
heidre Noreg, far og mor,
andre folk til hjelp få vera,
og så lyda lova vår.